onsdag 13. februar 2013

Blomst mot svart

Er allereie blitt veldig glad i den svarte kontrastveggen vår. Syns den framhever så godt fargar. Uansett kva eg sett opp på TV-benken vår, kjem det så godt fram. Her er nellikane eg fekk til morsdag. 




Så deilig med litt friske fargar.


Julie

mandag 11. februar 2013

Plane

Ein del av morsdagsgåva frå gutane, var denne puta frå Kremmerhuset med flymotiv. Den fallt sjølsagt veldig i smak hjå meg, og har allereie fått plass i sofaen.



Ønsker deg ei finfin veke! :)


Julie

søndag 10. februar 2013

Mamma sin dag

Våkna klokka ni av deilig frokost servert på senga. 
Kaffi, rista skive, kokt egg, juice og kaffi. 
Nydelege blomar og gåve fekk eg også. Heldige meg! 
Kan verkeleg bli vant til morsdag kjenner eg. 


Mest av alt våkna eg med kjensla av takknemlegheit. 
Tenk at eg er så heldig å få vere mamma til mine to friske og heilskjønne gutar. Emrik på snart 11 månedar. Vårt vesle alltid blide og aktive gull som er både høgt og lavt om dagane. Og Noah som snart er 3 år. Den flinke storebroren som er full av omsorg og plutseleg har blitt så veldig stor, med meiningar om både det eine og andre. Tida flyg! Det gjeld å nyte kvart eit minutt ilag med desse to. 

Håper alle mødrene der ute får ein herleg morsdag!

Og ikkje minst: gratulerer til min sin mamma, som er den aller beste :)


Julie

lørdag 9. februar 2013

Black

Her ser dokke veka sitt prosjekt:
Måle konstrastveggen bak TVen!

Endte opp med "dempet sort" (matt) frå Lady, og angrar ikkje eit sekund!
Kva syns dokke? :)

Skulle eigentleg i bursdagsselskap i dag, men minstemann har blitt sjuk. Så her går det i "Hver gang vi møtes" og tidleg kveld.

Ein finfin laursdagskveld ynskjast til deg!:)


Julie

mandag 4. februar 2013

Stjerner

Eit lite stjernegalleri frå huset vårt på ein mandagskveld.





Er nok litt glad i desse stjernere kan ein seie.. 

Ein fin kveld til deg! :)


Julie


søndag 3. februar 2013

Hyttetur

Helga vår har vi tilbrakt her! :)
Etter ei ganske hektisk veke, var dette veldig godt for kropp og sjel. Hytta ligg på Strandafjellet.






Perfekte forhold, masse snø. 
Ikkje så kjekt at eldstegull vart sjuk, men kost oss mykje har vi gjort allikavel. Ei skikkleg trivleg helg er over! :)


Julie 

søndag 27. januar 2013

Lykke

er dei små og store augeblinka med gulla mine som eg får oppleve kvar dag :)



Er så einig i dette utsagnet. 
Det har stått på tavleveggen vår i fleire dagar. 
Nok ei helg er snart over. Vi har fått to fine fjellturar, mykje god mat, besøk av gode vennar og ete mykje sjokolade- med andre ord: opplada og klare for ei ny veke! :)



Julie :)