torsdag 15. november 2012

Gårsdagen

Er så takknemleg for at akkurat eg var så heldig å få vere med på
 bloggtreff på Herlighet igår kveld. For en butikk!!
Mange kjekke damer med fine bloggar hadde møtt opp. Trur eg vart litt overvelda av heile treffet, så set igjen med tankar idag om at eg skulle så gjerne ha fått helst på og snakka med fleire av dei som var der. Som ganske fersk har eg mykje å lære i denne bloggeverda, så hadde vore artig å fått høyre endå meir om korleis andre jobbar med bloggen sin.
Eg håper at det ikkje vert alt for lenge til anledninga byr seg igjen.

Vi fekk 30% på alt, utanom møblar. 
Endte opp med eit stort fat i stål og vi fekk gleda av å ønske ein ny tolixstol velkomen i den lille tolixfamilien vår her i hus. Glede! Og ikkje minst fekk vi med ein goodiebag med veldig mykje fint i.

Ein knakandes kjekk kveld med flotte arrangørar er det iallefall ingen tvil om at det var. Mi gode veninde Sybell Agathe tok bileter og skreiv litt om gårsdagen, ta en titt!


Dagen idag har gått megafort. 
Har blant anna vore på åpning av Barnas Hus på moa. 
Føtene har komt i høgda og eg er klar for å bli inspirert av det nyaste boligpluss.
 Med andre ord: sofaen ropar og eg er klar for avslapning.

Ha ein triveleg kveld :)


Julie




2 kommentarer:

  1. Hei, og takk for hyggelig kveld på Herlighet :) jeg er glad der var noen like ferske som meg og som deg syntes jeg også det nesten var litt overveldende. Vi får håpe på et nytt treff snart

    ønsker deg en fin mandagskveld :)
    _Gunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Legger meg til som følger hos deg, jeg :)

      Slett