søndag 4. november 2012

Kjøkkenet si stoltheit

God kveld! :)

Mange timar i nydeleg solskinn, bølgesus, krabbeleiting, godt selskap og 
noko godt å tygge på har vi tilbrakt på Alnessanden idag. 

Kameraet var pakka og klart for å knipse mange fine bileter i nydelege forhold, 
men lite hjalp det når batteriet var tomt. 


Ein av dei verkeleg store skattane her i huset er det cremefarga smegkjøleskapet vårt. Hadde lenge drøymt om eit, og når vi flytta inn her i august i fjor var valget soleklart når det stod mellom innebygd kjøleskap eller ein delikat smegkjøleskap.


Valet stod då mellom eit cremefarga eller eit i stål, 
har ikkje angra eit sekund at vi valte denne typen.


No set vi med føtene høgt, reker og loff er akkurat inntatt og vi venter 
spente på farmen og vekas tvekamp. 
God søndag til deg! :)


Julie

3 kommentarer: