lørdag 24. november 2012

Lerkegrein

Pizza i magen, fyr i ovnen, god stemning - herleg laurdagskveld ! 
Bror min, som fyller 11 i morgon, feirar dagen idag med åtte gutar i kjellerstova. Heile huset ristar då danseleiken er i full gang. 
Full guffe skal det vere! Det er tross alt laurdag ;)

Kremmerhuset

Vi er som dokke sikkert skjønnar på øya med foreldra mine. I morgon er det kakeselskap. Men aller først i morgon skal eg på lerketrejakt! I håp om å finne meg ei lerkegrein eller to. Så dekorativt og flott. Slik som på biletet over frå Kremmerhuset
For ein god kjensle eg får av å sjå på det biletet. Det er ganske så kjekt at vinteren og adventstida er rett rundt hjørnet. Du koslege tid :)

Ein flott laurdagskveld til deg! :)

Julie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar