mandag 12. november 2012

Ny veke, nye moglegheiter

Full rulle. Og eg likar det!
 I helga var vi på ein aldeles herleg og forfriskande hyttetur 
ilag med gode venner. No set eg og gutane heime med mamma på Haramsøya.
 Merkar permisjonen min nærmar seg slutten snart, kjenner at lysta 
til å gjer slike ting berre aukar. Berre på ein heilt vanleg kvardag 
hive meg i bilen og reise heim til mor. Ingen planar. Berre avslapning og kvalitetstid.
Det gjeld å nyte det medan ein kan.


Eg, eldstemann og onkel på snart elleve tjuvstarta på årets pepperkakebaking. 
Vi må tross alt prøvesmake i god tid. Og heilt ærleg: det smakte nydeleg.
(..også hjalp det litt at forma vi brukte ikkje var så veldig julete. 
Vi er tross alt ikkje halvvegs i november endå..)

Veka er fullbooka, og eg har mykje å glede meg til!!

God mandagskveld til deg!

Julie


4 kommentarer:

  1. Kjekt med besøk og gode pepperkaker :) Hilsen mamma

    SvarSlett
  2. Haha.. Prøvebaking og prøvesmaking må tross alt gjerast før jul og om ein bruker elefantform må det i alle fall vere lov ;) (tenkte eg skulle seie i frå om at eg har stjole eit bilete frå sida di for å lage ein link på bloggen min. Håper det er greitt :) )

    SvarSlett
  3. Klart det er greit, Sonja :-)

    SvarSlett