torsdag 29. november 2012

Snart


Ja, veldig snart er den koslege tida i gang. Storebror er så spent at han veit ikkje kvar han skal gjere av seg. Pratar om julekalender, julenissen og gåver om kvarandre med iver så det held. 


Vi har lenge hatt nedtelling på antall dagar som er igjen før vi skal ha julekalender. 
Og tenk, no er det BERRE to dagar igjen! 


I morgon kveld skal eg henge opp kalenderen. Må tru der er ein glad gut som våknar laurdagsmorgon og får sjå og ikkje minst åpne kalender. Og ei mor som gledar seg som ein unge til å sjå gleda i augene til guten min når han får byrje på dette som er så spennande. 
Føler at denne jula byrjar han verkeleg å skjønne litt meir av heile greia. Det stemmer verkeleg at jula er mest for barna, og for oss foreldre som får sjå gleda.


Vi har mykje å glede oss til! Og det skal vi vere, ( og er vi! ) veldig takknemlege for. Vi har mange rundt oss og for oss er jula berre glede. Ikkje alle har det slik. 

Er også veldig glad for at vi får flytte heim i morgon etter nokren dagar vekke. Er ikkje like enkelt å berre pakke bagen og ver vekke frå huset sitt der ein har alt ein treng med to små... Sjølv om denne gangen er det verdt det!!

Det skal bli meg ei kjekk helg :)


Julie

2 kommentarer:

  1. Kunne ønske jeg også fikk se Noah på morgenen på lørdag! ;) Tipper godgutten lyser opp! Fine ord Julie, og du har helt rett. Vi er veldig heldige som har mange rundt oss. :)

    SvarSlett