torsdag 6. desember 2012

Adventsstake

Vart ei lita uplanlagt bloggpause nokre dagar.. Sjukdom har herja i huset, og energien har blitt brukt på oppvarting og kosetid. 
Håper og trur at vi nærmer oss slutten no her i hus! Minstemann hadde litt av ei våkennatt i natt, men verkar heilt fin idag. Ikkje alltid så lett å vete kva det er når dei er så små...

Adventsstaken i år vart staken som eg kjøpte på kremmerhuset for ikkje så lenge sidan. Den fekk eit litt naturpreg, har lagt kvistar eg fann i fjøra for ei god stund tilbake nedi. Og her snakkar vi raude lys! Ingen jul utan for min del. So pass tradisjonell er eg :)


Alle julegåvene er i boks, og ting dett på plass. Håper på å få byrje å bake snart, slik at vi faktisk rekk å ete opp kakene før jula er omme. Handball-EM er i gang, "the julekalender" står på i bakgrunn på kveldstid, kulda er her, og eg kjenner at i år er stemninga verkeleg på plass. Digg! :)



Julie


2 kommentarer:

  1. Kjempelekkert! :) Håper dere er ferdig med sykdommen for en stund og at lille Emrik er frisk igjen. Takk for igår foresten! Koselig kveld ble det. :) Ha en fin dag snuppa!
    klem

    SvarSlett
  2. Ja, takk for sist! Det må gjerast oftere :-)

    SvarSlett