fredag 11. januar 2013

Godt nytt år

Det vart ei uventa lita bloggepause her gitt! 
Mykje har skjedd sidan sist, og først no har dagane begynt å roe seg. 
Romjula den brukte vi til avslapning og å vere ilag. Kvardagen har innhenta oss for fullt og eg har byrja å jobbe igjen. I og med at eg ikkje er heime på dagtid, har eg også svært lite dagslys tilgjengeleg då det er mørkt stort sett både før og etter jobb.


Det er godt når jula kjem, og godt når ho er ferdig! Her heiv vi ut jula allereie 3.januar!
Etter mykje raudt i jula, er det no deilig med lite fargar, og reine flater. Litt nye saker har sjølvsagt også dukka opp, blant anna denne skjønne ugla frå Kremmerhuset som eg fekk med mamma i julegåve.


Staken vi brukte i adventstida har endra utrykk igjen, og lysa er kvite att. Eg tenkjer nok at det snik seg inn litt fargar her med oss sånn litt etter litt framover også. Skal berre få jula litt på avstand først.


Ha ein herleg fredagskveld! :)


Julie


2 kommentarer:

  1. Det er kjempedeilig å bli kvitt julen!! :) Det var så lyst og fint med dere nå! Deilig! Ha en fin fredagskveld snuppa!
    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, det var godt å få den ut ;) Og ikkje minst det dryssande juletreet vårt, følte det var barnåler overalt!

    SvarSlett