fredag 25. januar 2013

Kjøkken

Denne veka har sust avgårde! 
Sidan sist har eg rukket å fått eit 10 mnd gamalt minstegull <3, jobba mykje og vore på kino og sett ein utruleg sterk, men fin, film (Impossible). 

Idag viser eg for første fram bileter av heile kjøkkenet vårt. Kjøkkenet vårt er ikkje av dei største, men vi trivast godt med det.
Då vi kjøpte huset, følgte eit standard HTH-kjøkken med L-form med. Vi har gjort ein del endringar, som vi er nøgde med.


Vi valte blant anna andre handtak og fekk skapa til å gå heilt i taket. Heile delen under vinduet har vi bygd på. Vasken var eigentleg på motsatt side, men den fekk vi flytta. Er så kjekt å kunne stå å sjå ut når oppvasken skal takast. Og DET er ikkje sjelden.. Føler at eg bor med oppvasken til tider.


Når vi skulle fliselegge på kjøkkenet, hadde vi eigentleg lyst på kvite metrofliser med fasett. Angrar litt på at vi ikkje gjennomførte det.. 



Angrar også på at vi ikkje valte ei anna vifte.. Men dette er saker det går an å gjere noko med i framtida! Så vi får sjå :)

Ha ein herleg fredagskveld! 


Julie

2 kommentarer:

  1. Kjempe fint kjøkken dåke har då. :) og det kjøleskapet er jo bare kjempekult!! missunnelig på da... :)

    Ha ein fine kveld... me bloggast!

    Klems Diana.

    SvarSlett
  2. Takk for det! :) God helg til deg! :)

    SvarSlett