søndag 10. februar 2013

Mamma sin dag

Våkna klokka ni av deilig frokost servert på senga. 
Kaffi, rista skive, kokt egg, juice og kaffi. 
Nydelege blomar og gåve fekk eg også. Heldige meg! 
Kan verkeleg bli vant til morsdag kjenner eg. 


Mest av alt våkna eg med kjensla av takknemlegheit. 
Tenk at eg er så heldig å få vere mamma til mine to friske og heilskjønne gutar. Emrik på snart 11 månedar. Vårt vesle alltid blide og aktive gull som er både høgt og lavt om dagane. Og Noah som snart er 3 år. Den flinke storebroren som er full av omsorg og plutseleg har blitt så veldig stor, med meiningar om både det eine og andre. Tida flyg! Det gjeld å nyte kvart eit minutt ilag med desse to. 

Håper alle mødrene der ute får ein herleg morsdag!

Og ikkje minst: gratulerer til min sin mamma, som er den aller beste :)


Julie

3 kommentarer:

  1. gratulere med dagen.... deilig å ha en sånn takknemelighetstankevekker-dag...

    klems Diana.

    SvarSlett
  2. Åh! Så koselig!! :) Kjekt å bli vekt av tre kjekke gutter! ;) Fin mandag til deg ønskes! Og ps!! Kontrastveggen bak tvn ble kjempestilig!!!!! :D

    SvarSlett
  3. Takk for det snuppa! :)
    Ingenting e bedre enn å bli vekkt av dei tre ein er aller mest glad i på ein slik dag! <3

    SvarSlett