tirsdag 20. november 2012

The master bedroom





Her er altså soverommet vårt. Ikkje så lenge sidan det var ein tredjemann her inne, men for ein månad sidan flytta han inn til storebror. Ein overgang som har godt over all forventning.


Før var rommet kvitt og hadde lite personleghet, og senga var utgått på dato for lenge sidan.
Vi kom fram til at det var på tide å gjere noko her inne. I tillegg er det mykje lettare å pusse opp soverommet når minstemann ikkje skal sove der lenger, med tanke på maling, osv, så timinga var bra.


Veggane fekk fargen "kalkgrå", ein meget behageleg farge. 
Akkurat slik det skal vere på eit soverom, syns vi. 
Senga og nattborda er frå serien "Hemnes" frå IKEA. 
Vi ventar berre på å få opp skyvedørsgarderoba, 
skfite golvet og style litt til. 
Så er rommet komplett. Sjølv om endringa allereie er fantastisk.


Må innrømme at eg syns det er vanskeleg å ta oversiktsbileter. Tek gledeleg imot tips frå dokke som har litt meir greie på det! Så gjerne legg igjen ein kommentar om du har råd til ei som ikkje er så dreven på det, endå :)


Julie

5 kommentarer:

  1. Kjempe fint! Gleda me til vi ses i jula! Kos til goguttane!
    God klem fra tante Live <3

    SvarSlett
  2. Hylla blei berre perfekt Julie!! :) Kjempestilig! :)

    SvarSlett
  3. Lekkert og fargen på veggen var jo knall fin,me like ☺
    Riktig fin Onsdag ☺

    SvarSlett
  4. Digger hyllen din :) er det drivved som du har funnet ute, eller er den kjøpt?
    Ha en fortsatt fin onsdagskveld

    -Gunn

    SvarSlett
  5. Tusen takk for fine kommentarar :-) Hylla blei meget bra, akkurat slik som eg hadde sett det for meg! Den har eg funnet på tur til Ulla fyr på Haramsøya, kjøpt hyllehalderar på coop obs bygg og malt dei same fargen som veggen.

    SvarSlett