mandag 3. desember 2012

Lyslenke

Hei frå sjuke-huset.

Alle gutane i huset er sjuke, medan eg står for stell, mat og ikkje minst mykje kos. Håper på at denne runda er meget kortvarig! Ikkje noko særleg kjekt med spy og diare. Spesielt ikkje med dei små!


Det blir litt og litt julete her i hus også. Var ikkje heilt plan at denne sjuka skulle komme akkurat no, då eg skulle gjer frå meg alle julegåvene idag og bake julekaker resten av veka. Men det blir nok jul i år også :) 
I går kom denne lyslenka opp rundt bladhylla. Har nesten slutta å ha på lyset i taket der borte, då det er så kosleg med lyslenka :)


No set eg med føtene høgt, julebrus (glasflaske!) og spikekjøt! Mmmmmm :) I år skal det verkeleg etast spikekjøt, holdt meg vekk ifrå det ifjor sidan eg venta Emrik på den tida. 
Har til og med drukke ein kopp gløgg idag. Advent <3
Sofaen er inntatt og i kveld ventar både 71`nord finale og farmen. 

Julie


2 kommentarer: