torsdag 20. desember 2012

Skyvedørsgarderobe


Endeleg!! Skyvedørsgarderoba vår er på plass! :)


Den vart kjøpt inn for over to månedar sidan. Men sidan golva skulle skiftast, måtte vi vente. Og når sjukdom herja huset over lenge tid, måtte vi vente. Men no er det slutt på ventinga og slutt på totalt kaos i kleda våre!


Garderoba heiter "Pax Auli" og kjem frå IKEA. So ein kan fint seie det slik at husbonden hadde nok å sysle med i helga som var.. :)
Vi har teikna kvar vår side, slik at dei vart tilpassa våre behov. Kjempegreier!


Tenk, i morgon startar juleferien for gutane her i hus også. Og idag er det berre fire dagar igjen. Julaftan er her før vi anar det! No er det berre å bruke dei siste kveldane til å sjå julefilmar for å få den heilt ultimate stemninga, so tenkjer eg at den berre kan kome.

Idag er forresten planen å få kjøpt inn juletreet! Eg er oppvaksen med at vi går i skogen å hentar treet vi skal ha heilt sjølve. Så må ærleg innrømme at det var litt rart ifjor når eg for første gong måtte kjøpe eit juletre.. Men det går seg vel til det også!:)

Julie

2 kommentarer:

  1. Kjempestilig garderobe snuppa!! Jeg også vil ha! ;) God fredag til deg og gutta!! klem

    SvarSlett